Luster kommune vedtok i kommunestyre 22.juni 2023 å vidareføre fastprisavtale til private hushaldningar i Luster kommune fram til og med 31.desember 2024.
Luster Energi AS er ansvarleg for å gjennomføre fakturering og oppfølging.

Fastprisavtalen er 62,50 øre/kWh inklusiv alle avgifter og kunden vert trekt den til ei kvar tid gjeldande statlege straumkompensasjonen.


Fastprisavtalen er gjeldande frå 1.oktober 2023 til 1.januar 2025 og kan bli tinga i heile perioden.
Om det blir endringar i statleg straumstønadsordning i løpet av perioden kan avtalen bli endra/avbrote med 3 månadars varsel. Varsel blir då sendt ut på sms og e-post.

Fristen for å få det gjeldande frå 1.oktober 2023 er
- 15.oktober for eksisterande kraftkundar
- 29.september for kundar som brukar anna kraftleverandør.


Vilkår:
- Avtalen gjeld kun for ordinære bustadar i Luster kommune, det vil sei dei som har fått og får straumkompensasjon frå staten.
- Plusskundar må ha fastpris på både kjøp og sal av kraft. Avtalen for sal er fastpris minus 1 øre/kWh inklusiv mva.
- Kunde har ikkje høve å teikne avtalen på nytt viss kunde vel å bryte avtalen.
- Kraftavtalen kan seiast opp av kunde i avtaleperioden mot at kunden dekkar eventuell kostnad ved å bryte ut av avtalen.

- Ved avtaleslutt blir avtalen flytta over på spotprisavtalen Lustrakraft - Standard timespot. Meir informasjon om avtalen finn de her


Vilkår for avtalane me tilbyr finn de på www.forbrukertilsynet.no


Teneste for å samanlikne prisar finn de på www.strømpris.no.


De har rett til å bruke angreretten inntil 14 dagar etter kontraktsoppstart.

De kan bruke skjemaet under for tinging:

Tingingsskjema - Luster kommune sin fastpris for private hushaldningar for 2023 & 2024
* obligatorisk informasjon