Lustrakraft - Plusskunde er ein avtale for dei som produserar straum som leveres inn på straumnettet. Denne avtalen fylgjer prisen på straumbørsen Nord Pool time for time. Dette gjeld både overskotskraft som de matar inn på nettet samt det de må kjøpe frå Luster Energi AS for å dekke forbruket dykkar.
Meir informasjon om plusskundeordninga kan de finne på NVE-RME sine sider.
Påslaget vårt på krafta de kjøper frå Luster Energi er 4,38 øre/kWh inklusiv alle avgifter (Elsertifikat og mva). Ingen månadsgebyr.
Pris for det som kundar matar inn i nettet er følgande:
Områdeprisen på straumbørsen Nordpool time for time minus 0,8 øre/kWh eksklusiv meirverdiavgift
Avtalen har ingen bindingstid og prisendringar blir varsla på sms og e-post 30 dagar før ein endring blir iverksatt.
Vilkår for avtalane me tilbyr finn de ved å trykke på denne teksten
Teneste for å samanlikne prisar finn de på www.strømpris.no.
De har rett til å bruke angreretten inntil 14 dagar etter kontraktsoppstart.