Ekstra betalingspåminning frå Luster Energi AS

Publisert av Luster_Konsern_admin

26.04.22, kl 00:00



Luster Energi har no teke Let’s pay i bruk for kundar som ikkje har betalt fakturaen til forfall på bakgrunn av ulike omstender.



Let’s Pay er ei løysing frå Kredinor der ein betalingspåminning blir sendt ut på sms til kunde 1 veke etter forfall slik at de unngår å få ein overraskande purring/inkassovarsel i postkassen eller i nettbanken.

Viss betalingspåminninga ikkje blir betalt, blir det vanleg løp med purring/inkassovarsel og til slutt at det går til inkasso.


Meir informasjon om Let’s pay finn de på www.letspay.no.


Ta kontakt med oss på 57682900 eller på e-post firmapost@lusterenergiverk.no om de har spørsmål!