Kommunestyret i Luster vedtok i budsjettet for 2023 å tilby lag og organisasjonar ein fastprisavtale for perioden 1.januar 2023 til 1.mai 2025.
Luster Energi AS er ansvarleg for å gjennomføre fakturering og oppfølging.
Fastpris for perioden 1.januar 2023 til 1.mai 2025 er 62,50 øre/kWh inklusiv alle avgifter. (50 øre/kWh+ mva)
Avtaleperioden er frå 01.01.2023 tom. 30.04.2025.
Avtalen blir gjeldande frå 1.januar 2023 viss de tingar avtalen i januar. Etter 1.februar 2023 blir det gjeldande frå dagen det blir tinga.
Vilkår:
- Avtalen gjeld kun for anlegg i kommunen og er tiltenkt lag og organisasjonar i Luster kommune.
- Kraftavtalen kan seiast opp i avtaleperioden mot at kunden dekkjer eventuell kostnad ved å bryte ut av avtalen.
Vilkår for avtalane me tilbyr finn de ved å trykke på denne teksten
Teneste for å samanlikne prisar finn de på www.strømpris.no.
De har rett til å bruke angreretten inntil 14 dagar etter kontraktsoppstart.