NB!
Stortinget vedtok 16.juni 2025 å innføre Norgespris som inneber at kundar skal betale 40 øre/kWh eks avgifter og påslag til kraftleverandør for krafta som dei bruker frå 1.oktober 2025.
Luster kommune har som følgje av dette bestemt at avtalen fastpris for hushaldningar 2025 blir avvikla frå 1.oktober 2025.
Frå den dato blir kundar ført over til avtalen Standard Timespot og får høve til å tinge Norgespris hjå nettselskapet samstundes.




Luster kommune vedtok i kommunestyre 28.november 2024 å vidareføre fastprisavtale til hushaldningar i Luster kommune fram til og med 31.desember 2025.
Luster Energi AS er ansvarleg for å gjennomføre fakturering og oppfølging.

Fastprisavtalen for 2025 er 68,75 øre/kWh inklusiv alle avgifter og kunden vert trekt den til ei kvar tid gjeldande statlege straumkompensasjonen


Avtaleperioden er frå 01.01.2025 tom. 31.12.2025 og avtalen kan bli tinga i heile perioden.
Prisen på 68,75 øre/kWh er garantert i heile avtaleperioden.

Om det blir endringar i statleg straumstønadsordning i løpet av perioden kan avtalen bli endra/avbrote med 3 månadars varsel. Varsel blir då sendt ut på sms og e-post.

Fristen for å få avtalen frå 1.januar 2025 er

- 15.januar 2025 for eksisterande kraftkundar
- 30.desember 2024 for kundar som brukar annan kraftleverandør.


Vilkår:
- Avtalen gjeld kun for anlegg i Luster kommune.
- Ingen kostnad ved å gå ut av avtalen, men k
unde har ikkje høve å teikne avtalen på nytt i perioden viss kunde vel å gå ut av avtalen.
- Ved avtaleslutt blir avtalen flytta over på spotprisavtalen Lustrakraft - Standard timespot. Meir informasjon om avtalen finn de her

- Plusskundar må ha fastpris på både kjøp og sal av kraft.
Pris på sal av overskotsproduksjon til kraftleverandør er 54,20 øre/kWh eksklusiv meirverdiavgift.


Vilkår for avtalane me tilbyr finn de ved å trykke på denne teksten


Teneste for å samanlikne prisar finn de på www.strømpris.no.


De har rett til å bruke angreretten inntil 14 dagar etter kontraktsoppstart.

De kan bruke skjemaet under for tinging:

Tingingsskjema - Luster kommune sin fastpris for private hushaldningar for 2025
* obligatorisk informasjon