Luster kommune vedtok i kommunestyre 2.september 2022 å tilby private hushaldningar i Luster kommune fastprisavtale på 1 år.
Luster Energi AS er ansvarleg for å gjennomføre fakturering og oppfølging.

Fastpris for 1 år er 62,50 øre/kWh inklusiv alle avgifter og kunden vert trekt den til ei kvar tid gjeldande statlege straumkompensasjonen. Ingen månadsgebyr.

Ordninga gjeld frå 1.oktober 2022 til 1.oktober 2023.
Frist for bestilling av denne avtalen er 01.12.2022.

Vilkår:
Avtalen gjeld kun for ordinære bustadar i Luster kommune, det vil sei dei som har fått og får straumkompensasjon frå staten.
Plusskundar må ha fastpris på både kjøp og sal av kraft. Avtalen for sal er fastpris minus 1,25 øre/kWh inklusiv mva.

Landbruk/næring - Bustadhus og driftsbygning:

Kundar som har teikna fastprisavtale på 3 år kan teikna fastprisavtale på 1 år for volumet opptil 1700 kWh/mnd og 2500 kwh/mnd. Presisering 11.januar 2023: Til informasjon vert kompensasjonen frå staten trekt på heile volumet på målepunktet.

Avtalen føl elles standard kraftleveringsavtale.

Ved avtaleslutt blir avtalen flytta over på Lustrakraft - Timespot.


Kraftavtalen kan seiast opp i avtaleperioden mot at kunden dekkjer eventuell kostnad ved å bryte ut av avtalen.


Vilkåra for avtalane me tilbyr finn de på Forbrukertilsynet og tjeneste for å samanlikne prisar finn de på Strømpris.


De har rett til å bruke angreretten inntil 14 dagar etter kontraktsoppstart.