Luster kommune har vedteke i kommunestyre 31.mars 2022 å tilby næringslivet og landbruk i Luster kommune fastprisavtale på 1 og 3 år.
Luster Energi AS er ansvarleg for å gjennomføre fakturering og oppfølging.

Fastpris for 3 år er 62,50 øre/kWh inklusiv alle avgifter. (50 øre/kWh+ mva)

Avtaleperioden er frå 01.05.2022 tom. 30.04.2025.
For å få avtalen frå 01.05.2022 må avtalen tingast innan 13.05.2022.
Siste frist for bestilling av denne avtalen er 01.01.2023

Vilkår:
Avtalen gjeld kun for anlegg i Luster kommune.

For landbruk må kunden vere registrert med organisasjonsnummer, fått produksjonstilskot i 2021 samt at anlegget/anlegga til kunde er knytta opp mot næringsverksemd i matrikkelen.
Følgande vilkår er knytta opp mot anlegg der bustadhus og driftsbygning er på same målar:
- Anlegg med eit bustadhus og driftsbygning – forbruk inntil 1700 kWh i månaden på Lustrakraft - timespot og forbruket over 1700 kWh vil få fastprisavtale frå kommunen.
- Anlegg med fleire bustadhus og driftsbygning - forbruk inntil 2500 kWh i månaden på Lustrakraft - timespot og forbruket over 2500 kWh vil få fastprisavtale frå kommunen.

For næring må kunden vere registrert med organisasjonsnummer og at anlegget/anlegga er knytta opp mot næringsverksemd i matrikkelen.

Kraftavtalen kan seiast opp i avtaleperioden mot at kunden dekkjer eventuell kostnad ved å bryte ut av avtalen.


Vilkåra for avtalane me tilbyr finn de på Forbrukertilsynet og tjeneste for å samanlikne prisar finn de på Strømpris.

De har rett til å bruke angreretten inntil 14 dagar etter kontraktsoppstart.

De kan bruke skjemaet under for tinging av avtalen:

Bestillingsskjema
* obligatorisk informasjon