Luster kommune vedtok i kommunestyre 28.november 2024 å vidareføre fastprisavtalen til næringsliv og landbruk i Luster kommune.
Luster Energi AS er ansvarleg for å gjennomføre fakturering og oppfølging.
Fastprisavtalen er 68,75 øre/kWh inklusiv alle avgifter. (55 øre/kWh + mva)
Avtaleperioden er frå 01.05.2025 tom. 31.12.2026.
For å få avtalen frå 01.05.2025 må avtalen tingast innan 13.05.2025.
Vilkår:
- Avtalen gjeld kun for anlegg i Luster kommune.
- Kunde har ikkje høve å teikne avtalen på nytt i perioden viss kunde vel å bryte avtalen.
- Ved avtaleslutt blir avtalen flytta over på spotprisavtalen Lustrakraft - Standard timespot. Meir informasjon om avtalen finn de her
- Plusskundar må ha fastpris på både kjøp og sal av kraft.
Pris på sal av overskotsproduksjon til kraftleverandør er 54,20 øre/kWh eksklusiv meirverdiavgift.
For landbruk må kunden vere registrert med organisasjonsnummer, fått produksjonstilskot i 2024 samt at anlegget/anlegga til kunde er knytta opp mot næringsverksemd i matrikkelen.
Følgande vilkår er knytta opp mot anlegg der bustadhus og driftsbygning er på same målar:
- Anlegg med eit bustadhus og driftsbygning – forbruk inntil 1700 kWh i månaden på Lustrakraft - timespot og forbruket over 1700 kWh vil få fastprisavtale frå kommunen.
- Anlegg med fleire bustadhus og driftsbygning - forbruk inntil 2500 kWh i månaden på Lustrakraft - timespot og forbruket over 2500 kWh vil få fastprisavtale frå kommunen
For næring må kunden vere registrert med organisasjonsnummer og at anlegget/anlegga er knytta opp mot næringsverksemd i matrikkelen.
Vilkår for avtalane me tilbyr finn de ved å trykke på denne teksten
Teneste for å samanlikne prisar finn de på www.strompris.no
De har rett til å bruke angreretten inntil 14 dagar etter kontraktsoppstart.