Ledig stilling som Elkraftingeniør
Luster Energi AS er eit selskap som driv med kraftomsetning, installasjonsverksemd og utleige av tenester innan småkraft, nettdrift etc. Selskapet er lokalisert i Gaupne i Luster kommune. Ein kommune med fin natur og gode kultur- og fritidstilbod. Luster Energi og Breheim Nett er ein del av konsernet Luster Energiverk AS. Breheim Nett er nettselskapet i Luster kommune.
Til å vera med å utvikla selskapet vidare søker me:
ELKRAFTINGENIØR/ELEKTROINGENIØR
Arbeidsoppgåver:
Spennande stilling med arbeidsoppgåver innan alt frå kraftproduksjon til distribusjon av kraft. Elkraftingeniøren sine oppgåver vert å ta del i utbygging, drift og vedlikehald av selskapets kraft-, nett- og fiberanlegg. Sentralt i stillinga er arbeid med HMS samt kontakt med kundar, grunneigarar og offentlege etatar. Arbeidsoppgåvene vil være allsidige og varierte. Ein vil få stor moglegheit til å planlegge sin eigen arbeidsdag, samt får moglegheit til å jobbe sjølvstendig og i team med fleirfagleg prosjektarbeid.
I stillinga inngår det på sikt deltaking i overordna vakt for nettselskapet Breheim Nett.
Ønskte kvalifikasjonar:
Me ser etter ein positiv, strukturert og sjølvstendig medarbeidar med gode samarbeidsevner som ynskjer fagleg og personleg utvikling i eit interessant miljø.
- Ingeniør/sivilingeniør innan elektro/elkraft
- Relevante kunnskapar innan IT
- Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
- Erfaring innan HMS
- Prosjektering og drift av nettanlegg i lågspent og distribusjonsnettet.
- Kjennskap til NIS system
- Erfaring innan kraftverk/kraftproduksjon er også relevant.
Selskapet tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med Kim Henrik Hatlevoll på telefon 402 32 880 eller Anders Molland på telefon 916 01 175.
Kortfatta søknad med CV kan sendast innan 24.mars til firmapost@lusterenergiverk.no eller som brev til Luster Energi AS, Gaupnegrandane 4, 6868 Gaupne.